Miljøstatus i Noreg  |   Miljøstatus i fylka  |   Miljøstatus i kommunane  |   Om nettstaden  |   Sidekart
Hovedside
Friluftsliv

Det er eit nasjonalt mål at alle skal ha høve til å drive friluftsliv som ein helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg aktivitet i nærmiljøet og i naturen elles. Å ferdast ute i naturen har gjennom alle tider vore ein del av det norske folk sin kvardag og fritid, og er ein del av vår felles kulturarv.


 
Friluftsliv i alle variasjonar
Frå naturen si side er Sogn og Fjordane variert – både med omsyn til topografi, nedbør og temperatur – og gir allsidige høve for friluftsliv. Fylket har ei lang kystline med alt frå idylliske øyrike til bratte klipper, og med innslag av svaberg og langgrunne sandstrender. Fjordane skjer seg langt inn i landet, og inst i fylket reiser fjella seg 14-1500 meter opp frå fjorden. Heile 24 av 26 kommunar grensar til sjøen.

Fylket har store utmarksareal som spenner frå lyngheier og myrer via skogsområde, bratte lier og kupert fjell til alpine fjellområde. Dette har vore med på leggje grunnlaget for eit allsidig friluftsliv, med sjø- og båtliv, jakt og fiske, turgåing sommar og vinter; under eitt gjerne omtala som det tradisjonelle friluftslivet. I tillegg til sjølve naturkvalitetane er gjerne lokal kulturhistorie med på å auke verdien av eit område. ”Den trondhjemske postveg” slyngar seg gjennom fylket, og store delar av denne er no lagt til rette for ferdsel. I tillegg har vi driftevegen gjennom Sogn og Fjordane, som er dokumentert i ein eigen rapport frå 2003.
Levekårsundersøkingane i 1997 og 2004 viste at størstedelen av befolkninga i Sogn og Fjordane går på tur, og at svært mange er aktive og liker å vere ute i frisk luft, slik det går fram av denne figuren:
 
Deltaking av ulike friluftslivsaktivitetar
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 



Det har også vakse fram nye aktivitetar, der det gjerne vert  fokusert på meistring, fart og spenning. Mykje tyder på at motivasjonen for å utøve dei nye aktivitetane i stor grad er samanfallande med motivasjonen for det meir tradisjonelle friluftslivet. Eit kvardagsfriluftsliv – for alle – gjer det viktig å ha tilgang til gode turområde/naturområde i nærmiljøet. I tettstadane er det utfordringar i å sikre innbyggjarane tilgang til sjøen (eller vatnet/elva) og å få til ein samanhangande grønstruktur som sikrar god og enkel tilkomst til tur- og naturområda i/nær tettstaden.
Frodig på Kongevegen til Styvi i Nærøyfjorden
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Frodig på Kongevegen til Styvi i Nærøyfjorden landskapsvernområde.
Foto: Nils Erling Yndesdal
 
Friluftsorgansiasjonane i fylket er aktive i arbeidet med å fremje friluftslivet og stimulere og motivere til aktivitet. Friluftslivs- og naturorgansiasjonane har eit samarbeidsnettverk på fylkesnivå: Forum for natur og friluftsliv (FNF) i Sogn og Fjordane På heimesida deira finn du meir informasjon. Her er oversikt over dei enkelte organisasjonane med heimesider: FNF-organisasjonane i Sogn og Fjordane
Helsegevinst og naturforståing
Samfunnsendringane har gjort at det i aukande grad er mogleg å vere fysisk passiv, og ein slik karakteristikk høver godt for ein stadig aukande del av den norske befolkninga. Figuren frå levekårsundersøkingane (ovanfor) illustrerer at deltakinga i dei fleste friluftsaktivitetar gjekk ned frå 1997 til 2004. Fysisk inaktivitet er knytt til ei rekkje sjukdommar og lidingar.

Vi veit at fysisk aktivitet har positiv helseeffekt, og at fysisk aktivitet i naturen gir ytterlegare fordelar, både for fysisk og psykisk helse. Å sikre at alle skal ha lett tilgang til natur- og friluftsområde i sitt eige nærmiljø (kvardagsfriluftslivet) er såleis eit viktig helseførebyggjande og trivselsfremjande tiltak. 
Å ferdast ute i naturen gir dessutan naturforståing - og ei auka vilje til å ta vare på miljøet rundt oss.

På tur ved Fanaråken


















Naturoppleving mellom kulturspor i Vest-Jotunheimen. Foto: Tore Larsen
Privatisering, kommersialisering og motorferdsel
Allemannsretten gjeld i utmark, og er eit fellesnamn på gamle hevdvunne rettar for ålmenta som no er lovfesta i friluftslova. Allemannsretten gir rett til fri ferdsel til fots og på ski, til å ri og sykle på stiar og vegar, til rasting og overnatting, til å bade/padle/ro/segle, plukke bær/sopp/blomster, og til saltvassfiske. I dag vert allemannsretten truga av ulike former for privatisering og kommersialisering.
 
Tilfeldige dispensasjonar for frådeling og bygging ved sjøen kan over tid føra til redusert tilgang til strandsona. I vårt fylke med bratte fjellsider og mange vegar i strandsona, er tilgjengeleg strandsone som er eigna for allmenn ferdsel og opphald ein svært avgrensa ressurs.

Utviklinga generelt viser ein auke i motorisert ferdsel i utmark. Dette skapar konflikt med naturen, både for vilt og anna dyre- og planteliv. Slik ferdsel reduserer elles også høvet til å oppleve fred og ro, som for mange er ein viktig del av rekreasjon og friluftsliv.

Skitur Stokksete






















Å kunne ta seg ein skitur utan å høyre motorstøy frå snøskuter er ikkje lenger ein sjølvsagt ting. Foto: Tore Larsen
God planlegging og opplæring
Det er viktig å sikre at det er tilstrekkelege tilgang til eigna naturområde i nærmiljøet der folk bur, langs sjøen, langs elvar og vassdrag, i skog, mark og fjell, og å unngå tilfeldig og uheldig nedbygging. Kommunane si arealplanlegging er heilt sentral for å oppnå dette.
 
Opplæring av barn og unge er svært viktig med tanke på å få nye generasjonar til å drive friluftsliv. Her har både foreldre, barnehage/skule og frivillige lag og organisasjonar viktige oppgåver. 
 
Det er utarbeidd ein fylkesdelplan for idrett, friluftsliv, fysisk aktivitet og folkehelse (2006-2009). Arbeidet med revisjon av denne er i gang.
Temabilde
Tur i strandsona.
Foto: Gunn Helen Henne.


Bookmark and Share
Ansvarleg redaktør fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal.
Kontaktinformasjon: Elin Halrynjo 57 65 54 15, Tore Larsen 57 65 51 52.
 
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Tlf. 57 65 50 00.
Sist oppdatert 25.03.2010 : Fylkesmannen i Sogn og Fjordane